Historierik bygning på Skipenes 100 år

Laurdag 11.10. 2025 var det 100 år sidan dei første studentane og lærarane tok i bruk internatet på Skipenes gard. Dette huset, som har stått støtt gjennom generasjonar, har vore meir enn berre eit bygg – det har vore ein heim, eit samlingspunkt for mange familiar frå Nordfjord. 

Ungdom fekk utdanning

Det heile starta med min oldefar, Ola Skipenes, som var skulestyrar på fylkesskulen. Då kommunen ikkje hadde råd til å bygge internat, tok han saka i eigne hender. Med støtte frå sin bror Anders Skipenes, som var banksjef, fekk han gode vilkår og sette i gang bygginga.

Resultatet vart eit hus med rektors kontor og festsal i første etasje, lærarværelse i andre, og elevrom i tredje – der jentene og gutane budde kvar for seg, men med luker dei kunne krabbe gjennom for å besøke kvarandre. I kjellaren låg kjøkken, matsal og vaskerom. Totalt budde det 28–30 elevar her.

Oldefar var oppteken av at ungdommen skulle få ei utdanning som var viktig for samfunnet. Elevane kom frå spreidde område, og utan internatet ville det vore vanskeleg å få undervisning. Økonomisk var det ingen gullgruve, men det gjekk akkurat rundt – og det var nok for han.

Okkupert av tyske soldatar

Under krigen vart garden og internatet okkupert av tyskarane. Soldatar flytta inn, og oldefar skreiv i dagboka si at 8. mai var ein lykkens dag – då vi fekk tilbake fedrelandet vårt.

Etter krigen gjekk mormor på skulen her og vart kjent med bestefar. Dei tok etter kvart over ansvaret, og huset vart bygd om til leilegheiter og hyblar.

Sidan den gong har internatet vore fylt av elevar, og familiar. Vi har ikkje tal på kor mange som har budd her, men vi veit at det er mange – og at huset har betydd mykje for kvar og ein.

I dag feirar vi ikkje berre eit bygg, men ei historie. Ei historie om mot, om fellesskap, og om tru på utdanning og framtid. Vi heidrar dei som bygde, dei som budde, og dei som bar historia vidare.

Gratulerer med dagen, internatet på Skipenes – og gratulerer til alle som har vore ein del av denne 100-årige reisa.

 

Lisbeth Skipenes Andersen