Praktisk informasjon

- Innsjekking?
Etter klokka 15. Vi blir vanligvis einige om eit tidspunkt på førehand. Utsjekk er seinast klokka 12. Nøkkel leveres av oss når dere kjem.
- Lage mat
Kjøkkenet er godt utstyrt og har både komfyr, mikrobølgeovn og oppvaskmaskin. På badet er det dusj og vaskemaskin.
- Kjæledyr?
Det er ikkje lov å ta med dyr inn i hytta. Det er heller ikkje lov å røyke inne.
- Sengetøy?
Det er mogleg å leige sengetøy og handkle mot eit tillegg i prisen. Ta kontakt, så ordnar vi det.
- Antall sengeplassar
Det er to soverom i 2. etasje i hyttene med til saman fem sengeplassar. Vi har eit rom med to enkeltsenger og eit rom med dobbeltseng pluss ei enkeltseng.
- Laksefiske
Skipenes gard har rettar til laksefiske i Eidselva (sone 23). Elva blir dessverre ikkje opna for fiske i år.
Noko meir du lurer på? Ta kontakt med oss, så svarar vi så fort vi kan!
Les også: Dette er hyttene på Skipenes gard