Skipenes gard – hytter i hjartet av Nordfjordeid

Velkomen til Skipenes gard, ei idyllisk hytteutleige midt i vakre Nordfjord. Her bur du roleg og komfortabelt, berre 800 meter frå Nordfjordeid sentrum i Stad kommune. Hyttene passar perfekt for ferie, fiske eller helgeturar.

Med kort avstand til butikkar, servering og aktivitetar er Skipenes gard eit godt utgangspunkt for å oppleve Nordfjord.

Store hytter

Me tilbyr to store hytter med god standard. Hyttene passar for familiar eller mindre grupper som ønskjer overnatting i Nordfjordeid.

Fasilitetar i hyttene:

1.etasje:

  • Fullt utstyrt kjøkken
  • Bad
  • Opphaldsrom med TV
  • Gratis wifi

2. etasje:

  • To soverom
  • Totalt fem sengeplassar

Hyttene gir ei komfortabel ramme for eit avslappande opphald i Nordfjord.

 

Kort veg til attraksjonar 

Skipenes gard er ein tradisjonsrik gard med røter tilbake til 1600-talet, vakkert plassert like ved Eidselva. Garden tilbyr laksefiske i Nordfjordeid, og fiske har vore ein del av drifta i mange år.

For fiskeinteresserte er dette ei unik moglegheit til å kombinere overnatting og laksefiske i Nordfjord. Dessverre var det ikkje fiske i elva i 2025, og det er framleis usikkert kva som skjer i 2026.

Frå Skipenes gard har du også enkel tilgang til kjende opplevingar i regionen. Det tek om lag éin time å køyre til Briksdalen, ein av dei mest populære naturattraksjonane i Vestland. Nordfjordeid og omegn byr også på fjord, fjell, kultur og fine turområde.

Overnatting for bedrifter  

I tillegg til ferieutleige tilbyr me overnatting for bedrifter i Nordfjordeid. Hyttene eignar seg godt for tilsette som treng bustad ved prosjekt og sesongarbeid.

Praktisk informasjon:

Ta gjerne kontakt for booking av hytte, eller om du har spørsmål.

Telefon: 911 85 844 / 906 00 062
E-post: skipenesgard@outlook.com