Skipenes Gard



Om Skipenes Gard

Skipenes Gard ligg sentralt på Nordfjordeid, berre 800 meter fra sentrum. Her har vore busetnad fleire hundre år tilbake i tid.

Melkeproduksjon var hovedinntekta fram til 2002. Då avslutta vi produksjonen, og no er her utleige og turisme. Det er mykje hus, så for å utnytte dei, byrja vi med turisme i 1987. Vi har hatt turistar fra alle verdsdelar, noko vi set stor pris på.

Vi har to lama, Ludvik og Goggen. Dei har vi hatt sidan 2002. Mange fine turar er det blitt sidan dei kom til gards.

Det er ikkje tillatt med dyr inne.

Utreise seinast kl.12.oo Andre tider må avtalst på førehand mot tillegg.



Hyttene

Vi har to hytter med høg standard. Det er fem senger i kvar hytte fordelt på 2 rom. Ta kontakt ved interesse. Døgnpris varier etter lengde på opphold.

Bilde av eit soverom
Bilde av Bestemorsstova
Bilde av eit soverom


Hovedhuset

Den eldste delen av huset kjem fra ei gammal røykstove fra ca. 1637. Huset er blitt flytta, bygd på og pussa opp. Vi kan servere frokost (sommarstid) i den gamle tømmerstova, kalla Bestemorsstova. Her er det møblar fra bestemor si tid.

Bilde av Låven
Kokk utanfor låven
Bilde av Låven


Låven

I tidligare generasjonar var dette "rommet" fyllt av tørrhøy. Tidane endra seg, og det vart silo og rundballar som tok over. Dermed vart dette rommet ståande tomt. No har vi muligheit til å nytte det til tilstelningar av ulike slag.

Bilde av Låven
Kokk utanfor låven
Bilde av Låven


Aktivitetar

Vi kan tilby både elvefiske og sjøfiske. Vi har sone fra 1 - 13 i Eidselva, sjå kart i galleriet. Vi har også båt til utleige på fjorden.
Eid ligg midt i Nordfjord og er innan ein times køyring til Briksdal, Stad mfl. Populære dagsturar er Geiranger, Trollstigen og Ålesund.



Grillen

Ein fantastisk plass ved elva. Her kan ein tilberede mykje god mat, og er ein heldig, kan ein sjå fisken hoppe. I grillen er det plass til 12 personar.



Kontakt Oss

Vi kan kontaktast på telefon 57 86 08 24, 452 60 099, 402 00 926, epost aria@online.no eller ved hjelp av forma under.